Pettson & Findus - Tomtemaskinen

Gubben og katten er ute på nye eventyr i den tredje filmen, ei samling av hendingar rundt juletider. Katten ønsker seg besøk av nissen til jul, og Gubben må stå hardt på for å finne opp ei nissemaskin så katten ikkje blir skuffa. Katten er smart nok til å forstå at Gubben vanlegvis er julenissen, og Gubben har teke litt vit til seg og forstått at katten har fått med seg dette, så han ser etter ei anna løysing.

Historia er enkel nok, som du kan forvente av ein barnefilm, men trass i inga spesiell oppbygging eller vendingar er det morosamt nok. Teikningane har eit rikt detaljnivå og er passe sprø, noko som gjer dette til god underhaldning for både barn og vaksne. Det skal likevel nemnast at eg har hatt eit forhold til Gubben og katten frå barndommen av.

Tidlegare har det komme to Pettson & Findus-filmar. Den første er nok framleis favoritten min med historia om pannekakerøra. Uansett er det jul, og Pettson & Findus - Tomtemaskinen er god som gull når det kjem til animert julefilm.

Pettson & Findus - Tomtemaskinen 2005 plakat - Filmdagbok