Phantasm

Phantasm er ein tidleg film av Don Coscarelli, sist aktuell med John Dies at the End, for min del ein regissør med stjerner i boka for blandinga av mumiar og Elvis Presley i Bubba Ho-Tep.

Phatasm er ein rar film. Rar som i litt uvant, og såleis rar på ein god måte. Oppbygging i filmen og stemninga er som i ein generisk og god skrekkfilm. Det ukjente held liv i filmen, og folk blandar seg inn på risikabelt vis i det som skjer.

Det ukjente er likevel så mykje meir enn venta og håpa. Og det skjer sin del av snodige ting undervegs som gir liv fram til ting tar av.

Phantasm 1979 plakat - Filmdagbok