Phantom Thread

Film / 2017
4/5

Phantom Thread er ein film av den typen som krev god tid og rett tidspunkt å setje seg ned med, og som lønnar deg for deg om du har anledning til å sjå han.

Det var i hovudsak deltakinga til Daniel Day-Lewis som lokka meg til Phantom Thread. I tillegg med eit kort handlingsreferat som viste til at filmen handlar om ei rolle han spelar og ei kvinne som blir inspirasjonen hans. Det blei ein bonus når eg ved byrjinga av filmen såg at Paul Thomas Anderson var regissøren. Samarbeidet hans med Daniel Day-Lewis i There Will Be Blood står høgt på lista.

Det handlar om ein klesdesigner som har sine vanar. Han er ein sær kar, men han er så anerkjent at han har midlane til å leve på sin eigen måte. Me får også vite at han har for vane med å byte ut kjærastane sine når dei ikkje gir han meir inspirasjon. Filmen byrjar med at ei ny ung kvinne kjem inn i livet til designaren. Alma heiter ho, og ho lar seg ikkje nødvendigvis føye etter reglane i huset til designaren. Men livet blir ikkje lett.

Dette er ein topp laga film på over to timar. På feil tidspunkt trur eg filmen kunne ha blitt lang, for han kravde merksemda. Han er av den typen der det verkar som historia har nådd enden etter tre kvarter, men eigentleg berre såvidt har komen i gong. Han byr også på heilt fantastisk filmmusikk, som filmen ikkje kunne ha vore forutan. Musikken set stemninga frå første stund, og held meg på tå gjennom heile filmen.

Det er alltid kjekt å sjå ein film som utfordrar, utan å vere for utfordrande å sjå. Altså at tematikken og utviklinga i historia byr på noko nytt, men at oppbygginga ikkje er for sær. Phantom Thread blir ei god oppleving, og kan anbefalast.

Phantom Thread 2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

25. oktober 2019 av

Regi

Paul Thomas Anderson

Manus

Paul Thomas Anderson

Skodespelarar

Vicky Krieps, Daniel Day-Lewis, Lesley Manville, Julie Vollono, Sue Clark, Joan Brown, Harriet Leitch, Dinah Nicholson, Julie Duck, Maryanne Frost

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Phantom Thread