PhoneShop

Serie
2009–2013
3/5

I ei mobilsjappe i Sutton møter me ein blanda gjeng med rare skruar. Komedien spelar seg stort sett ut i og rundt butikken, og baserer seg på snodige ting dei snodige karakterane gjer. Me blir introdusert til gjengen ved å følge ein ny tilsett og hans tilsetting. Han er i tillegg ein nerd som ikkje passar inn i miljøet.

For å hoppe rett på sak så er det beste med serien radarparet Jerwayne (Javone Prince) og Ashley (Andrew Brooke). Dei er to fyrar som er store i kjeften, følsomme og bøllete, og midt på treet intelligente. Og dei lirer av seg det verste og det beste, med den kulaste britiske dialekten eg har høyrt.

Det går altså ut på å følge ein gjeng som i grunn verkar for dum til å drive butikk, men som samtidig er gode nok seljarar til at premissen er truverdig. Ein typisk karakterdriven serie, med vekt på artig samtale.

PhoneShop 2009-2013 plakat - Filmdagbok

Publisert

30. august 2013 av

Skapar

Phil Bowker

Skodespelarar

Emma Fryer, Tom Bennett (I), Andrew Brooke (I), Javone Prince, Martin Trenaman, Juliet Cowan, Paul Pariser, Ellena Stacey, Joanna Brookes, Kayvan NovakVis alle 105 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om PhoneShop

TV Time

TV Time-side om PhoneShop