Pieces of April

April (Katie Holmes) skal lage middag til familien til thanksgiving. Ein familie som ho elles aldri har kontakt med. Ho gjer det for å glede mora (Patricia Clarkson) som har kreft og ikkje har lenge igjen å leve. Dette er handlinga i filmen, kort og greit.

Eg tenkte å lage ei liste over pluss og minus ved filmen, men fann i grunn ingen ting som trakk så mykje opp eller ned. Katie Holmes er langt i frå den beste skodespelaren, men klarar seg greitt nok til denne filmen. Dessutan er ho litt søt.

Oliver Platt er tvers over ein god skodespelar, men får aldri heilt vist kva han kan her. Patricia Clarkson er frustrerande, deprimerande og irriterande, og eg tykkjer synd i karakteren, med andre ord oppnår ho det ho skal som mora til April.

Naboane til April er viktige i filmen, og spesielt latteren til den mørkhuda Evette fekk meg i kjempegodt humør. Elles har du ein kinesisk familie utan engelske språkkunnskapar, ei übervegetardame og ein feminin Ikea-frelst mann.

Eg likte filmen. Han har ein del scener som får meg til å trekke på smilebandet, og han klarar å vere trist når han prøver på det.

Det heile kjennest jordnært, og bruken av digital video gir den ekstra kjensla av dette. Men så er også Pieces of April ein typisk uavhengig film med lågt budsjett. Ferdigheitene til Katie Holmes trekk dessverre ned, så filmen når aldri opp til andre likesinna uavhengige filmar, som The Station Agent, men no skal det litt til og.

Avgjerande for mitt heilskapsinntrykk av filmen er evna til å få fram kjensler, det er mest det som trekk opp.

Pieces of April 2003 plakat - Filmdagbok