Piper

Film · 2016 · · 18. januar 2021
4/5

Kortfilmane til Pixar er verdt å få med seg. Då det var gått nokon år sidan eg gjorde ein innsats for å få dei med meg, så var blant anna Piper ein no fem år gammal film som eg hadde tilgode.

Dette handlar om ein nyfødd fugleunge. Fuglerasen ungen høyrer til fangar maten sin i fjæra, der bølgjene frå havet herjar. I all enkelheit handlar filmen om ungen sitt møte med utfordringa dei store bølgjene byr på. Og måten ungen løyser utfordringa på er ganske så fantastisk fin å følgje med på.

Eg kan ikkje anna enn å varmt anbefale deg å sjå denne kortfilmen om du har sjansen.

Les også ei melding på ksreviewsblog.wordpress.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Piper 2016 plakat - Filmdagbok