Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl

Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl er mykje støy og ståheis og ein eventyrleg, romantiserande piratfilm.

Johnny Depp spelar over toppen, som han er best til. Handlinga er eit langt og kronglete fartøy for mykje fekting, reising, eksotiske plasseringar og noko romantikk.

Det er fornøyeleg, men litt for langt og noko slitsamt. Det eg likar best er kor bra filmen ser ut. Det eg likar minst er at dette kjennest ut som ein fornøyelsespark. Som også er inspirasjonskjelda.

Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl 2003 plakat - Filmdagbok