Pitch Perfect 2

Film · 2015 · · 3. august 2016
2/5

Acapellasong blir sett på som ein aktivitet for nerdar, og Pitch Perfect 2 sitt forsøk på å balansere for dette er så overdriven at det gjer saka verre.

Forutan ei tynn handling er problemet til Pitch Perfect 2 at filmen prøver å vere kul. Det skal mykje til for å lykkast. Ofte er det å vere kul ein positiv biverknad av noko meir.

Ei gruppe unge vaksne som synger for eii acapellagruppe på college tråkkar i salaten, og handlinga går ut på at dei får sjansen til å bevise på nytt at dei er best i ein verdsomspennande konkurranse.

Hailee Steinfeld er eit nytt tilskot til resten av gruppa som var med i Pitch Perfect. Hadde filmen handla meir om hennar talent, hadde eg kanskje likt dette betre. I staden gjer filmen tabben ved å tru at å løfte konkurranse til ein på verdsnivå, så skal det bli spennande nok. Denne tabben skjer ofte, og eg skrev seinast for få dagar siden om Cars 2 som bomma på det same.

Pitch Perfect 2 er altså inga anbefaling, men heller anbefalt å styre unna. Eg er filminteressert, likar filmseriar og vil sannsynlegvis sjå Pitch Perfect 3 når han kjem i 2017. Men brukar du avgrensa med tid på filmar så styrer du unna.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Pitch Perfect 2 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Anna Kendrick (I)Rebel WilsonHailee SteinfeldVis alle

Sjangrar

Land