Pitch Perfect

Film · 2012 · · 18. mai 2013
3/5

Ein ting om denne filmen om ei a capella-gruppe på college, er at han viser skodespelarar som er talentfulle på fleire område. Frå kontrollfriken spelt av Anna Camp, til den flotte Brittany Snow og sjølvsagt Anna Kendrick.

Men Anna Kendrick i hovudrolla blei aldri heilt rett. Ho hadde vore betre i ei birolle her. Ho er ikkje flink nok til å formidle alle typar kjensler som trengs. Det blir mykje av det same uttrykket. Resten av jentene er stjernene her. Mens dei sentrale mannlege rollane er lette å gløyme.

Arbeidet med manuset er ikkje topp. Nokre scener kunne ha blitt laga til å vere artigare. Men heldigvis er ikkje filmen så hyperaktiv og overdriven som Glee.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Pitch Perfect 2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Anna Kendrick (I)Skylar AstinBen Platt (III)Vis alle

Sjangrar

Land