Planet of the Apes

I lys av Rise of the Planet of the Apes tok eg steget ut og byrjar eit lenge etterlengta gjensyn med Planet of the Apes-filmserien frå 1968–1973. I løpet av fem innlegg skal eg oppsummere og synse om filmane produsert av Arthur P. Jacobs.

Planet of the Apes har ei tiltrekkingskraft utanom det vanlege. Sidan Tim Burton kom med den ikkje fullt så gode Planet of the Apes i 2001, ei nytolking av romanen til Pierre Boulle, har eg sett både han og 1968-versjonen fleire gonger. I tillegg til resten av den originale filmserien.

2001-versjonen har som den svake filmen han er blitt verre for kvar gong, mens 1968-versjonen ved tredje gjensyn har gått i motsett retning og er betre no enn første gang. Men sidan dette ikkje er meint å vere ei samanlikning går eg eit steg vidare.

Året er 3978 da Taylor (Charlton Heston) og resten av mannskapet på romskipet Liberty 1 landar på ein ukjent planet. Etter å ha reist frå jorda i 1972 har dei flydd gjennom verdsrommet i farten til lyset, som for å stadfeste ein teori om at tida for dei berre blir få månader når hundreåra på jordkloten flyg forbi.

I søken etter liv på planeten dei har landa på, møter Taylor og mannskapet på ein flokk ville menneske, som viser seg å vere på flukt frå siviliserte apekattar. I dette bakvendtland som Taylor kallar det, blir han fort ein trussel for leiarane i apesamfunnet. At eit menneske kan oppføre seg skikkeleg, snakke og i verste fall tenke er absurd og strid mot vitskap og religion for apane.

Taylor er ein maskulin mann som ikkje toler undertrykking. Metodane hans for å vinne fram og bli kjent som intelligent er diskutable, men samtidig ein styrke for filmen og det uføreseielege.

Planet of the Apes fungerer godt som film på fleire plan. Det er spenninga i å utforske noko nytt og bakvendt i reisa til Taylor, med element av science fiction og mystikk og ein realitet som like gjerne kunne ha vore eit mareritt. Filmen tar òg opp problematikk som undertrykking, vranglære og religion som vitskap.

Fantasi og det spektakulære bygg på ting eg kjenner til og gjer Planet of the Apes til ein film som eg lett tar til meg. Han held tilbake på mykje av bakgrunnshistoria og gir berre litt etter litt. Eit av kjenneteikna på god film er nettopp timing og porsjonering av det spennande og interessante. Slik som ein god skrekkfilm er ein som ikkje set lys på alle sidene ved eit monster og let det danse over skjermen i 90 minuttar, men brukar fantasien til publikum for å skremme.

Det skadar heller ikkje at eg har ein plass i mitt hjarte sett av til Planet of the Apes, og ser mytologien og moglegheitene til mytologien på tvers av filmane som sterkare enn dei individuelle filmane sine svakheiter, først og fremst deler av oppfølgjarane.

Planet of the Apes 1968 plakat - Filmdagbok