Planet of the Apes
Tv-serien Planet of the Apes kom ut etter den femte Planet of the Apes-filmen på 1970-talet. Det byrja med den flotte filmen Planet of the Apes i 1968, og blei gradvis dårlegare fram til den svake filmen Battle for the Planet of the Apes kom i 1973. Etter filmane kom denne serien i 1974, og animasjonsserien Return to the Planet of the Apes i 1975. Så blei det stille på apefronten i nokre tiår.
Serien handlar om to astronautar som blir sendt fram i tid og krasjar på jorda igjen på 3000-talet. Det er ei tid då apane har teke over jorda, og menneska er ein trussel mot dei. Alle teikn på intelligens hjå menneske blir undertrykt og slått ned på. Og dei to astronautane blir umiddelbart ein trussel. Men dei evnar å rømme med hjelp frå ein sjimpanse.
Heile serien på 14 episodar går ut på at dei to astronautane og sjimpansen rømmer frå stad til stad. Dei slepp såvidt og alltid unna soldatane som jaktar på dei. Undervegs så møter dei undertrykte menneske som dei forsøker å lære å stå opp for seg sjølv.
Tempoet i episodane er noko tregt. Historiane er repeterande. Produksjonskvaliteten er midt på treet. Men skodespelet og karakterane er god nok til å halde det gåande i ein sesong. Eg kjeda meg kanskje litt i byrjinga, men blei van til forma til serien, og må sei at det blei noko spennande innimellom. Serien evnar altså å spenne mellom dårleg og god, med litt overvekt på dårleg og middels. Eg bestemte meg for å sjå serien av interesse for Planet of the Apes, og utforskinga av dette oppdikta universet var den største motivasjonen for å halde fram undervegs.
Eg kan berre anbefale serien til dei mest interesserte. Og har du sett første episode, så har du i grunn sett alt. Det er inga avslutting, og episodane kunne ha blitt sendt i tilfeldige rekkefølge utan problem.

Skapt
Skodespel
Roddy McDowall • Ron Harper (I) • James Naughton • Mark Lenard • Ron Stein (I) • Booth Colman • Eldon Burke (I) • Tom McDonough (I) • John Hoyt (I) • Jacqueline Scott (I) • John Milford • Martin E. Brooks • Pat Renella • Bobby Porter • Biff Elliot • William Beckley • Wayne Foster (I) • Nick Dimitri • Jane Actman • Norman Alden • Joanna Barnes (I) • Zina Bethune • Roscoe Lee Browne • Royal Dano • Geoffrey Deuel • Beverly Garland (I) • John Ireland (I) • Sondra Locke • Percy Rodrigues • William Smith (I) • Morgan Woodward • Frank Aletter • Ben Andrews (I) • Lonny Chapman • Michael Conrad (I) • Jackie Earle Haley • Woodrow Parfrey • Jay Robinson (I) • Anne Seymour (I) • David Sheiner • Michael Strong (I) • Jennifer Ashley (I) • Norman Burton • Richard Devon • John McLiam • Robert Phillips (I) • Joseph Ruskin • Marc Singer (I) • Ron Soble (I) • Hal Baylor • James Daughton (I) • Cindy Eilbacher • Peter G. Skinner • Jim Storm • George Wallace (I) • Mark Bailey (I) • Baynes Barron • Kathleen Bracken • Mickey LeClair • Henry Levin • Andy Albin • Klair Bybee • Eileen Dietz • Larry Ellis (I) • Wallace Earl Laven • Jon Lormer • Russ Marin • Jamie Smith-Jackson • Harry Townes • Gail Bonney • Lee Delano • Eddie Fontaine • John Garwood (I) • Meegan King • David Naughton (I) • Arlen Stuart • Jerome Thor • Albert Cole (I) • Dennis Cross (I) • Victor Kilian • Raymond Mayo (I) • Lynn Benisch • Michael Carr (I) • Diana Hale (I) • Alvin Hammer • Glenn R. Wilder • Charles Leland • Fred Lerner • Phil Montgomery (I) • Jimmy Stader • Ron Troncatty • Raven Grey Eagle • Robert Cole (III) • Gary Combs • Wesley Fuller • Lars Hensen • Peter Ireland (I) • Lorraine Keeling • Frank Orsatti (II) • Gene Roth (I) • Ray Saniger • Joe Tornatore (I) • Tom Troupe … Minimer … Vis alle