Planet of the Apes

Film · 2001 · · 30. mai 2006
2/5

Leo Davidson (Mark Wahlberg) er på eit romskip som forskar på elektromagnetiske stormar. For å utforske dei bruker dei spesialtrena apekattar for å finne ut om det er trygt å fly inn i stormane. Slik forsvinn ein apekatt, og Leo reiser umiddelbart etter for å finne han, utan løyve frå sin overordna på romskipet. Han går også tapt i stormen, og blir sendt fram i tid der han hamnar på ein planet som apekattane er overordna menneske.

Ein av Tim Burton sine svakare filmar som regissør har likevel mange likskapar med fleire av dei andre filmane hans. Musikk av Danny Elfman, og framsyning i ei eller anna form, her som apekatt, av Helena Bonham Carter. Men dette har ingenting å sei når filmen er overfylt av halvdårlege vitsar, uskyldige kampscener utan blod, og ein film som ser ut til å ta mykje for gitt. Filmen kunne gjerne vart 20 minuttar ekstra for å forklare bakgrunnen for alle vala som blir tatt. Nokon val derimot er det ikkje mogleg å forklare kvifor blir brukt. Forklaring: Ein ung gut får gjentakande beskjeder om at han ikkje får vere med å slåst, han trassar likevel beskjedane og følger med. Det er ikkje til å unngå at han kjem i trøbbel. Når eg skriv det her blir det ikkje ein røpealarm eingong, for det luktar føreseieleg tvers igjennom når du ser det uansett.

Grunnen til at eg ser filmen igjen, når han ikkje er så altfor god, er at eg sit med eit bilde av han som ikkje blir endra av det eg har nemnt over (og meir til). Planet of the Apes verkar som ei spennande moglegheit, som dessverre har blitt misbrukt her. Dessutan har eg planar om å sjå dei fem første filmane, ettersom eg berre har sett denne versjonen og den originale Planet of the Apes før, så eg tenkte å starte med ein dårleg først.

Planet of the Apes 2001 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Mark Wahlberg (I)Tim Roth (I)Helena Bonham CarterVis alle

Land