Planet Terror

Film · 2007 · · 29. september 2007
5/5

Planet Terror er andre del av Grindhouse. Her er det Robert Rodriguez som står for regi og manus.

Oppskrifta er enkel og effektiv. Eit virus blir spreidd og gjer folk til zombiar. Dei som ikkje blir zombiar er i råvelde av våpen, gjerne semiautomatiske. Bland inn ein dose militære, pene damer og eksplosjonar med trykk i, så er det i gang. Med Freddy Rodríguez og Rose McGowan i front, og fleire supre skodespelarar like ved.

Enkel, men enn så rå og kul og med fengjande dialog ved sida av det største splatter-eventyret eg har sett på enn så lenge, Planet Terror er min definitive favoritt blant filmane i Grindhouse.

Han er litt for lang, men eg finn ingen andre ting å trekke ned på enn det. Så har eg ikkje sett på han anna enn som tøff, rein og skjær underhaldningsfilm. Til slutt må eg nemna filmmusikken til Planet Terror, som får meg til å tenke på John Carpenter viss filmskapar eg har sett eit par filmar av siste tida, men som til dels er endå rikare og meir variert.

Death Proof var god på populærmusikk, Planet Terror er briljant på rein filmmusikk – som er med på å skape store delar av filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Planet Terror 2007 plakat - Filmdagbok