Plastic Bag

Film / 2009
3/5

Plastic Bag er ein kortfilm om ein plastikkpose. Han er laga av Ramin Bahrani, og Werner Herzog har forteljarstemma. Historia er den til platikkposen, fortalt frå ståstaden til plastikkposen.

Me følgjer posen frå første gongen han blei brukt, til kor han endar opp til slutt. Det er ein interessant liten film på grunn av flotte bilder og ei form for poesi. Det var rolla til Werner Herzog som forteljarstemme som trakk meg til filmen. Og det at det handlar om noko så banalt som ein plastikkpose.

Filmen forsøker å fortelje noko om forsøpling, og eg er einig i at forsøpling ikkje bør skje, og at alle bør rydde opp etter seg for at det skal vere triveleg å ferdast. Og poenget som blir nemnt på slutten er at plastikken bør lagast for å kunne brytast ned. Uavhengig av kva filmen si stemme er, så er han godt laga. Ramin Bahrani har evna å gitt platikkposen liv.

Plastic Bag 2009 plakat - Filmdagbok