Playing for Keeps

Eit av mine langvarige prosjekt, eller kanskje meir korrekt interesser, har vore tenåringsfilmar frå 1980-talet. Playing for Keeps er ein av desse, og er eit sprekt innslag såleis.

Hovudrollene i filmen er etter min noverande kunnskap spelt av ukjente personar. Unntaket blant skodespelarane her er Marisa Tomei, som spelar i si første store filmrolle. Og det er Marisa Tomei som blir vist i seinare tid på filmplakatar for filmen.

Filmen er også den einaste filmen der Bob Weinstein og Harvey Weinstein har hatt regissørrolla til ein langfilm. Men det er tvilsamt at dette er filmen dei vert hugsa for.

Handlinga som følger er: Tre venner frå ein New York high school har nyleg blitt ferdige. Danny, ein av dei, har arva eit hotell i ein småby, og overtalar vennene sine til å bli med han for å drifte hotellet, heller enn å starte ei jobbkarriere i byen.

Hotellet er ei falleferdig rønne, og det skal hardt arbeid til for å få noko på plass. I tillegg er ein fyr interessert i eigedommen, og gjer livet hardt for ungdommane ved å misbruke sine kontaktar i småbyen – slik at dei blir frosne ut av lokalsamfunnet før dei har fått ein einaste sjanse.

Heile filmen er så lite originalt som ei oransje appelsin. På ei anna side er det ein trygg film, og han er morosam i blant. Trygg er kanskje ikkje så spennande, men etter å ha sett langt verre tenåringsfilmar frå 1980-talet er eg godt fornøgd med trygg. Det betyr at ei form for start, midt og slutt i det minste er på plass. At Playing for Keeps prøver å vere kul på toppen er ein annan viktig faktor. Dette er ei anna sak med tenåringsfilmar frå 1980-talet, dei treng ikkje vere kule, for det er nok humor i at dei prøver.

Playing for Keeps 1986 plakat - Filmdagbok

Publisert

22. januar 2014 av

Regissørar

Bob Weinstein, Harvey Weinstein

Manusforfattarar

Bob Weinstein, Harvey Weinstein, Jeremy Leven

Skodespelarar

Daniel Jordano, Matthew Penn, Leon W. Grant, Mary B. Ward, Marisa Tomei, Jimmy Baio, Harold Gould (I), Kim Hauser, Robert Milli, John Randolph JonesVis alle 91 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Playing for Keeps