Plot Device

Ein ung filmskapar kjøper ei mystisk eining. Det er ein boks som står plot device på, og når han trykk på han blir alle moglege spesialeffektar frå film sloppe fri.

Alt frå romskip til kvinner frå romantiske filmar dukkar opp, og forsvinn igjen like fort når han trykk endå ein gong på knappen.

Dette handlar ikkje om mykje meir enn å presentere situasjonar som er å kjenne igjen frå filmverda i ein og same, tettpakka kortfilm. Det er underhaldande og kult laga, men bidrar ikkje med så mykje i seg sjølv utover dette. Verken som originalt arbeid eller i form av noko djupare historie.

Plot Device 2011 plakat - Filmdagbok