Pocahontas II: Journey to a New World

Film · 1998 · · 19. januar 2021
3/5

Oppfølgjaren til Pocahontas kom rett på video i 1998. Pocahontas II: Journey to a New World har ei god forteljing og fungerer godt som oppfølgjar, men hamnar i skuggen kva gjeld den gode produksjonskvaliteten til forgjengaren sin.

Den første filmen handla om Pocahontas sitt møte med John Smith. I denne filmen følgjer me ho til England der ho skal forsøke å forhandle fred mellom deira og hennar nasjon. Handlinga i filmen er ganske laust basert på ei reise som den ekte Pocahontas gjorde. Men ganske laust er vel det meste eg kan sei her. Dette er ein film med eit lykkeleg preg og ikkje overraskande ein lykkeleg slutt. Mens den ekte Pocahontas døydde i ein alder av 21 år.

Eg sit ikkje med så mange meiningar om denne filmen merkar eg. Det er vanskeleg å motivere seg til å sei så mykje meir enn at det er ein heilt grei oppfølgjar, som har si eiga gode historie å fortelje. Men som hanmnar i skuggen til forløparen Pocahontas.

Les også ei melding på cinerama.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Pocahontas II: Journey to a New World 1998 plakat - Filmdagbok