Pocahontas

Film · 1995 · · 11. januar 2021
3/5

Disney-filmen Pocahontas er nok blant dei mest kjente Disney-teiknefilmane dei siste 20 åra, og det med god grunn. Det er ein god film, som samtidig har den eigenskapen at opphavet er i historiske personar.

Det eksisterer mange myter om algonquian-indianaren Pocahontas, som levde på starten av 1600-talet. Spesielt omkring romantikk og kolonisering. Og det er då desse sidene ved ho som legg grunnlaget for historia i filmen.

Samtidig som dette har sine mørke sider, er dette ein lystig og fargerik film med mykje song. Slik som Disney-teiknefilmar gjerne er. Det er eit eventyr i eit spennande miljø, som berre blir forsterka av dei skumle personane med vonde føremål.

Han er også full av stereotypar og meiningar, og berre akseptabelt som fiksjon og rent ukritisk sett. Men eg har altså sansen for dette. Det går heim.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Pocahontas 1995 plakat - Filmdagbok