Point Break

Film / 1991
3/5

Surfethriller med godaste Patrick Swayze og Keanu Reeves, førstemann som steintøff surfeguru og andremann som fersk FBI-agent.

Bankranarar er på ferde, og dei kallar seg Ekspresidentane, noko som sjølvsagt inneber at dei brukar masker som skal likne både på Richard Nixon og Ronald Reagan. Og dei køyrer eit vrak av ein bil av merket Lincoln. FBI sender Utah (Keanu Reeves) under dekke i surfemiljøet for å spore opp ranarane.

Point Break er ingenting nytt, og eg lurar på korleis han blei motteken i 1991 og. Filmen byr på ingen eller svært få overraskingar. Både handlinga og dialogen kan brettast ut og bli føresett etter fem minuttar. Men eg tykte det gjekk unna likevel.

Eg får meg eit par latterkuler av kor maskulint alt skal vere, og det blir trekt på smilebanda når Keanu Reeves viser kvifor standupkomikarar tykkjer at det er morosamt å parodiere han. Surfing og fallskjermhoppinga er derimot meisterleg festa til film, og eit fint syn.

Point Break 1991 plakat - Filmdagbok