Poldark

Serie
2015–2019
4/5

I Poldark møter vi folk i ulike økonomiske grupperingar under harde kår i Cornwall i England på slutten av 1700-talet. I sentrum er Ross Poldark, arving av eit par gruver og eit høgt akta etternamn. Han er ikkje spesielt rik, men det stoppar han ikkje. Fetteren hans, sonen i arverekka i familien, sit på dei store verdiane. Han er derimot ikkje så driftig av seg.

Ross møter mange utfordringar, men skyr heller ikkje konfliktar og formidling av sine prinsipp. Eit av dei tidlege handlingane han gjer er å gifte seg med tenestejenta si, som mange ser på som under hans stand. Ho er også ein sentral del av serien, med sine utfordringar. Gjerne utfordringar i tilknytning dei moglegheitene ho får ved å gifte seg med Ross.

Første sesong av serien handlar i stor grad om to sentrale ting: Oppstarten av ei gruve ved Ross. Og det nye livet til Demelza, som kona til Ross heiter.

Det er ein serie som handlar mykje om det seriøse, og serien kan bli ganske dyster med innhaldet sitt. Det bøter han på ved å ha nydelege bilder av britisk kystnatur, små innslag av humor. Gjerne ein form for galgehumor. Og nokre lyspunkt på det personleg dramatiske planet mellom ulike karakterar.

Etter første sesong var dommen positiv, og eg ville halde vidare fram med han. Men det tok god tid å komme seg gjennom andre sesong. Ikkje fordi han var spesielt dårlegare, men fordi det i lengda blei litt tungt å sjå på. Dette er ein litt mørk serie kor liva til dei involverte ikkje alltid går så bra. Men til slutt blei no andre sesong ferdig. Og frå og dei siste episodane og vidare utover, så vil serien bli dosert gradvis utover. Poldark er ein god serie som eg ønskjer å sjå ferdig, det må berre bli litt og litt. Som i ein episode om gongen.

Poldark 2015-2019 plakat - Filmdagbok

Dato

30. januar 2021

Forfattar


Skodespel

Aidan Turner (II)Eleanor TomlinsonJack FarthingVis alle

Sjangrar