Pontypool

Pontypool er ein zombiefilm utan zombiar. Heile handlinga er lagt til ein radiostasjon i ein kjellar. Dagen startar som vanleg, men på utsida utviklar situasjonen seg etter kvart til å bli eit mareritt. Eit virusutbrot av ein spesiell audiovisuell sort skjer i byen Pontypool der handlinga går føre seg.

Dette er ein lur vri på heile virusvinklinga og den bevisste avstanden til kaoset i byen. Me får berre små inntrykk frå utsida, og på innsida er det frykt og overleving som gjeld.

Eg tar ikkje i når eg allereie tidleg på året, i januar som det er, går inn for at denne vil hamna på topplista i år.

Pontypool 2008 plakat - Filmdagbok