Possessor

Film · 2020 · · 14. august 2021
3/5

Possessor er den andre spelefilmen til Brandon Cronenberg. Det har teke åtte år frå Antiviral kom ut til denne kom. Det er mange år, og år blir til forventingar.

I denne filmen handlar det om å innta andre sine kroppar med sitt eige sinn, fjernestyre kroppane og bruke dei til dårlege handlingar. Tasya er hovudpersonen, og har oppdrag kor ho tar over andre.

Vi går inn i livet hennar i ein periode der påkjeninnga frå jobben byrjar å nå toppen. Slagordet på plakaten er lose control, og måten det skjer på er både brutal for dei pårørande, og visuelt spennande.

Det ser ut som Brandon Cronenberg har valt å utføre mange av effektane på tradisjonelt vis. Rask klypping og overlapping av bilder gir ein heftig effekt i utvalde sekvensar, og det sannsynlege fråveret av dataskapte animerte effektar gir eit større ubehag enn glattpolerte grøssarar ofte gir.

Possessor er ingen høgdepunkt innanfor sjangeren, men er spesiell nok til å bli lagt merke til og kunne la seg underhalde av på grunn av originalitet. Utover det går lite av det som skjer inn på meg, og er heller ikkje så spennande. I forbifarten veit eg ikkje heilt kva eg skal setje fingeren på av manglar, men det heng saman med det å bry seg om karakterane.

Les også meldingar på www.ioncinema.com (engelsk) og thevideovacuum.blogspot.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Possessor 2020 plakat - Filmdagbok