Post Grad

Film · 2009 · · 11. november 2016
3/5

Post Grad er ein romantisk komedie om ei ung kvinne som har heile livet planlagt. Ho har jobba hardt, og er sett på å få ein bestemt jobb. Når det ikkje går som ho vil, hamnar ho i ein livssituasjon som tvingar henne til å tenke meir på alt ho hittil har vore årsak til.

Alexis Bledel spelar den noko uinteressante hovudrolla i Post Grad. Mens Zach Gilford spelar tøffelen som følger etter henne kor enn ho går, og som er ein snodig og kjedeleg fyr eg ikkje kan forstå at me skal heie på.

Heldigvis har filmen noko humor utover den tamme hovudhistoria. Blant anna i form av birollene som utgjer familien til kvinna. Dei er noko overdrivne, men likevel fornøyelege innslag.

Kanskje er mi rangering å ta noko hardt i for ein film som dette, men eg fann kvalitetar undervegs og kjeda meg i grunn aldri. Det er av og til noko artig å finne i det typiske og klisjeaktige preget filmen har.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Post Grad 2009 plakat - Filmdagbok