Predator 2

Film · 1990 · · 6. oktober 2016
2/5

Mens eg hugsar Predator som ein god actionfilm, er Predator 2 berre eit skal av ein oppfølgjar.

Handlinga er lagt til eit framtidig Los Angeles, sett frå eit 1990-talsperspektiv. Kriminalitet herjar i gatene, og så dukkar skapningen Predator opp.

Danny Glover er i spissen blant politimennene me følger, som må kjempe både mot kriminelle, hemmelege byrå med skjulte interesser og drapsmaskina som Predator er.

Filmen tar seg i blant bra ut, på ein avgrensa og filmsettaktig måte. Eg likar filmar som ikkje nødvendigvis ser ekte ut, men gir inntrykk av å spele godt på sine avgrensingar.

Sjølve handlinga er derimot kjedeleg. Dette er også bygd opp på ein måte som gjer at det at filmen er lett å føresei går utover det vesle som skjer undervegs. Med andre ord er målet viktigare enn vegen dit.

Mot slutten tar filmen seg noko opp. Det er for seint, men eg tar det eg kan få, og blir i det minste interessert igjen i kva som skjer i nokon minuttar før det heile er over.

IMDb-logo
Predator 2 1990 plakat - Filmdagbok

Land