Predestination

Film · 2014 · · 11. januar 2015
4/5

Predestination med Ethan Hawke gjer ei god greie ut av tidsreise.

Tid kan bli bra på film. Spesielt der ein film klarar å sy det i hop i ei form for logikk. Enten skikkeleg eller sin eigen akseptable logikk i lys av universet som filmen har bygd opp. Dette oppnår Predestination.

Det handlar om ei form for tidsagent, som reiser i tid for å hindre alvorlege hendingar som vil kunne vere årsak til ringverknader i ettertid. Det er passe håplaust å skulle gå meir i djupna her. Historia i denne filmen er passe innfløkt og framstår som smart, samtidig som det er innanfor med tanke på at det går an å følge med på. Ein film blir sjeldan veldig god av å gå forbi det å utfordre, sjølv om det finst unntak.

Her skjer det akkurat nok til at du må følge med heile tida, og til at du kan tenke deg enkelte utfall og bli overraska av andre. Samtidig er det tøff science fiction, mystikk, krim og action. Eg får ikkje inntrykk av at denne filmen siktar mot alle som sitt publikum, men også styrer unna å bli smal på noko vis. Det er med andre ord ei god sjangerblanding, men ingen hovudstraumsfilm.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Predestination 2014 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land