Pride and Prejudice

Serie · 1995 · · 26. august 2008
5/5

I ei eksklusiv gruppe av topprangerte seriar har eg plassert Pride and Prejudice. Ein BBC-serie basert på romanen av Jane Austen.

Dette er det ultimate innan romantikk og drama på seriefronten. Med sine seks episodar er det akkurat passe langt, og med skodespelarar som Colin Firth og Jennifer Ehle er det kvalitet føre kamera.

Det er nok uansett historia som er vinnaren her. Pride and Prejudice er knallbra. Det er på sett og vist både tidlaust, men så knytt til epoken sin på enkelte sider. Dette får meg til å kunne identifisere meg med noko, og la meg oppleve anna som ukjent.

Å sette ord på ei topp oppleving er vanskelegare enn å kritisere. Det er dessverre sånn. Så i fråvære av nokon form for kritikk så håpar eg at eit lite inntrykk av kvaliteten til denne serien kjem fram.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Pride and Prejudice 1995 plakat - Filmdagbok