Primeval

Serie
2007–2011
3/5

Når forstyrringar i tid oppstår i form av inngangsportar til andre tidsperiodar, byrjar skapningar frå fortida å dukke opp. Ein professor får hjelp av venner, kjente, kollegaer og fleire, for å undersøke avvika. Ein fast gjeng blir danna og dei blir etter kvart ekspertar på å jakte alt frå dinosaurar til nyare skapningar.

Primeval leverer eit nytt problem i kvar episode over lengre tid. Etter kvart oppstår ein raud tråd og eit meir seriøst problem på tvers av episodane. Ei galen, miljøforkjempande, og dermed menneskefiendtleg dame ønsker å utføre ei masseutrydding av menneskja.

Det som først og fremst appellerer i Primeval er eventyrstemninga. No er eg rett nok ikkje særleg kjent med Doctor Who, BBC sin konkurrent på laurdagskvelden, men veit at han også tar publikum med på vidt ulike opplevingar, slik som denne serien gjer. Her avgrensar det seg til forhistoria, og det er ikkje så mykje utover opning av portalar i tida det blir fokusert på. Utforskinga av djupna i serien er så vidt starta når siste episode rundar av.

Eg vil tildele skodespelarane i første sesong mykje av æra for at eg var forelska i serien. Blant anna Lucy Brown og tidlegare S-Club 7-medlem Hannah Spearritt får meg til å smelte. Mennene er skikkeleg kule. Douglas Henshall spelar den viktigaste rolla i serien, og det med stil.

Serien som starta så enkelt med sine episodiske historier blir etter kvart meir kompleks, men tar likevel vare på opplegget med eit nytt problem for kvar episode. For etter kvart som sesongane går blir nye karakterar introdusert, og kjente og kjære dør. Ein ny raud tråd erstattar den gamle, og det opnar seg for truslar frå framtida.

Oppskrifta som serien baserer seg på gjer at han aldri heilt blir kvitt dei litt for mange stundene med enkle og kjedelege spennings- og kampscenebe. Humoren er derimot topp, og karakterane er interessante nok. I lag med eit kult konsept om tid og dramatiske nok raude trådar, så blei Primeval underhaldande nok til at eg såg meg gjennom heile serien.

Primeval 2007-2011 plakat - Filmdagbok

Dato

1. september 2014

Forfattar


Skodespel

Andrew Lee PottsHannah SpearrittBen MillerVis alle