Prison Break (2005–2009)

Serie / 8. desember 2014
3/5

Prison Break var bra når det kom. Som i svært spennande. Men som det i blant skjer, så blei det fort dårlegare. Hadde serien blitt avslutta etter dei 13 første episodane ville han han glatt gått inn på fleire av mine topplister, men når eg no skal vurdere heile serien totalt sett, fortener ikkje serien ei anbefaling ein gong.

Eg gav meg med Prison Break ein gong mot slutten av 2006 eller byrjinga av 2007, då den intensive kampen mot tiden for å komme seg ut av fengselet var over. Og serien hadde tatt steget over til å bli ein serie om fangar på rømmen.

I ettertid var sesongen då dei var på rømmen, altså den andre sesongen, framleis da serien var nokolunde fornuftig. Relativt sett. For med tredje sesong hamna folk i fengsel igjen, i Panama. En korporativ organisasjon kjent som The Company blei gradvis meir framtredande, konspirasjonar fikk større plass, og nye alliansar og brot av alliansar blei gjort i kvar einaste episode fra da av og til seriens slutt.

Som om ikkje det var nok, så kom en fjerde sesong om dei gjenverande folka på rømmen igjen. På en litt anna måte enn tidlegare, men på et tidspunkt der all historie og mellommenneskelege forhold var blitt fullstendig kaos, oppbrukt og lite spennande.

Det som har gjort serien til å holde ut har vore små ting her og der. Som at enkelte karakterar er interessante, og at andre er så karikerte at det er underhaldande. At seriens struktur etter kvart er like sprø som den gjennomsnittlege såpeserien. At enkelte av teoriane og konspirasjonane har potensiale. Men utover dette var det klart nok seriens beste epoke i første sesong som hele resten av serien har støtta seg på.

Prison Break skal også få skryt for å ha en slags avsluttande kapittel undervegs.

Prison Break 2005-2009 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Fox

Skapar

Paul Scheuring

Skodespelarar

Dominic Purcell, Wentworth Miller, Robert Knepper, Amaury Nolasco, Sarah Wayne Callies, Wade Williams, William Fichtner, Paul Adelstein, Rockmond Dunbar, Jodi Lyn O'Keefe

Sjangrar

Action, Drama, Krim, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Prison Break

Forfattar