Private Resort

Film · 1985 · · 22. juli 2009
3/5

Sjølv om det er artig å følgja Johnny Depp og Rob Morrow som ungdomar vert Private Resort ein av veldig mange tenåringsfilmar frå 1980-talet som ikkje klatrar høgare enn til midt på treet. Det er for lite av den gode handlinga, og filmen spelar på at det er sommar, uskyldig alvor og lettkledde damer å sjå på.

Eit par sekvensar innimellom viser at regissøren ikkje har kompetanse til å handsama eit seriøst drama, men humoren er på plass og trass i nok billeg fysisk humor kjem det fram scener i blant som gjer dette til ein kurant komedie til utpå kvelden.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Private Resort 1985 plakat - Filmdagbok