Psych

Serie
2006–2014
4/5

Då eg nyleg plukka opp igjen tråden med Psych, etter å ha latt serien stå på vent sidan første sesong i 2007, blei eg fort hekta. Psych byr på krim med ein humoristisk vri, i form av at den observante Shawn (James Roday) gir seg ut for å vere synsk. I lag med sin venn Gus (Dulé Hill) får dei i blant oppdrag av politiet, og i blant av private.

Stort sett kvar episode handlar om ei ny sak, og det er berre få og mindre historier på tvers av episodane. Dette fungerer i grunn perfekt for Psych, ettersom eg har sansen for det som blir gjort og gjentatt i kvar episode. Eg lo meir av denne serien enn eg har gjort av mesteparten av dei reine komiseriane eg har følgt siste året.

Psych er også ein serie som blir betre som følger av å bygge på den innsikta publikum har fått i karakterane og handlinga tidlegare. Litt sånn som Seinfeld gjorde etter kvart. Dette fører til ei form for humor som gir dobbelt utteljing, der fleire vitsar også er referanse til tidlegare vitsar.

Eg kunne gjerne ha tenkte meg fleire sesongar, men Psych gav seg på topp etter åttande sesong. Så får eg heller mimre tilbake til serien som etter mitt syn er blant dei få som har klart å lage ein god hyllestepisode, som ikkje kjennest unødvendig eller skilt frå serien. Dette var ein Twin Peaks-hyllest som blei gjort i ein av dei seinare sesongane til serien.

Psych 2006-2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

5. juli 2015 av

Skapar

Steve Franks

Skodespelarar

James Roday, Dulé Hill, Timothy Omundson, Maggie Lawson, Corbin Bernsen, Kirsten Nelson (I), Liam James, Sage Brocklebank, Kurt Fuller (I), Carlos McCullers IIVis alle 1329 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Krim, Mysterium

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Psych