Puccini for Beginners

Eit trekantforhold mellom Allegra, Grace og Philip er det Puccini for Beginners handlar om. Dei er unge, bur i New York, og hamnar i ein komplisert situasjon. Det vil si, det er mest komplisert for Allegra, som er lesbisk, men blir glad i ein mann, og deretter ei kvinne, og innleiar forhold med begge.

Det både høyrest enkelt, klassisk eller typisk ut. Og det er det, i negativ tyding. Men filmen er ikkje uoverkommeleg.

Styrken til filmen er dialogane. Dei er forseggjorte og passe interessante, sjølv om dei ikkje er i overkant fantasirike. Produksjonen er elles midt på treet, og skodespelarane gjer på sitt beste ein grei jobb.

Det er ei viss keisemd og eit apatisk forhold til filmen som eg utviklar. Det er grunnlaget for min noko strenge dom. Eg er passe interessert ei stund, men han støttar seg for mykje på at den føreseielege handlinga skal bidra med noko. Handlinga burde berre vore eit tona ned bakteppe.

Eg var noko usikker etter å ha sett filmen, og er framleis litt i stuss om kva eg tykte, utover at han er litt under middels grei. Årsaka er at eg trur at berre små endringar, eller ein dugeleg regissør, kunne ha gjort ein betre jobb med dette manuset enn Maria Maggenti har gjort.

Puccini for Beginners 2006 plakat - Filmdagbok