Puff, Puff, Pass

Film · 2006 · · 21. mai 2006
1/5

Eit stort vonbrot av ein film, likevel om eg ikkje hadde nokon forventingar til han i utgangspunktet. Danny Masterson og heller ukjente Ronnie Warner spelar to dagdrivarar som røyker marihuana og rotar seg bort i eit par saker i jakt etter ein stad å sjå på kabelkanalen TNT.

Opplegget minnar meg om Dude, Where's My Car, der Jesse (Ashton Kutcher) og Chester (Seann William Scott) rotar seg borti ein del tullball på jakt etter ein bil. Men Puff, Puff, Pass klarar aldri å ta av på nokon måte. Det startar sløvt, og er sløvt i 90 minuttar før det er slutt. Det er ingenting å le av her. Bortsett frå når Terry Crews spelar ein som vil bli rappar, og som har hundefobi.

Danny Masterson håndterer rolla som Hyde i That '70s Show på ein grei måte, men det krevst meir i ein film som, likevel om rollene har klare likskapar. For å sei det på ein annan måte, ein film rundt Hyde hadde aldri blitt noko særleg interessant, og det er heller ikkje dette. Men for å gå bort frå That '70s Show, og tilbake til filmen. Det ligg på grensa mellom dei to lågaste nivåa eg rangerer filmar som, men for å gjere kort prosess, og vere fullstendig klar på kva eg meiner. Så blir det 1/5.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Puff, Puff, Pass 2006 plakat - Filmdagbok