Pulse

Film · 2006 · · 23. november 2006
1/5

Er Kristen Bell i ferd med å bli ei ny Sarah Michelle Gellar? Å spele i denne filmen var iallfall ikkje eit godt karriereval, men så spørs det om jenta frå Veronica Mars har talentet til å kunne spele andre roller enn den smarte, sarkastiske og litt kalde ungdomsetterforskaren ho er i serien. Det ser ikkje lyst ut.

Pulse verkar på meg som ein film som ikkje har eit anna grunnlag til å bli laga enn å samle ein gjeng med skodespelarar kjent frå seriar, og vise Kristen Bell i undertøy her og der. Ikkje dumt det, men det blir svakt som det einaste gode med denne filmen.

For å kaste litt lys over opplegget her. Eit datavirus som spreiar seg gjennom trådlause signal tar livslysta ut av folk og fører til at mange tar sjølvmord. Dataviruset dannar spøkelse som rører seg i lufta i ein spesiell frekvens og ser ut til å vere umogleg å stoppe. Alt er gjennomført i tråd med filmar som White Noise og asiatiske mørkhåra spøkelse. Det er faktisk litt uhyggeleg, det skal Pulse ha.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Pulse 2006 plakat - Filmdagbok