Purple Violets

Film · 2007 · · 14. februar 2014
3/5

Purple Violets markerer den førebels siste filmen til Edward Burns med stort budsjett. Dei tre neste filmane hans har alle hatt minimale budsjett og ingen kinolansering. Filmen er også stjernespekka med Selma Blair, Patrick Wilson og Debra Messing som spelar i lag med Edward Burns.

Plakaten til filmen, som vist her på sida, hintar til skriving som tema. Og det er nettopp to forfattarar som er dei viktigaste rollene. Patti (Selma Blair) har ikkje skrive noko på mange år, mens Brian (Patrick Wilson) har hatt suksess med kriminalromanar.

Filmane til Edward Burns handlar stort sett alltid om familie, forhold og ekteskap. I denne filmen er familien fråverande, men forhold og ekteskap spelar store roller. Filmane hans har det også med å variere innfallsvinkelen til desse tema, og Purple Violets tar utgangspunkt i to vennepar som møtes igjen tolv år etter college. På college var dei alle venner, og to og to av dei var også i lag. Mange år etter kryssar vegane deira seg, og gamle draumar, ting som har skjedd sidan den gang, og meir, kjem til overflata.

Filmane til Edward Burns er sjeldan for dramatiske, nesten uansett tema. Dei har ein roleg stil, litt som måten han sjølv er skodespelar på. Purple Violets heller også mot det meir behagelege tempoet og uttrykket. Det er også ein lystig og ledig humoristisk tone over filmen. Miljøet i filmen er byen og The Hamptons, og er gjort med stødig hand og kjennest naturleg rundt karakterane. Eit godt poeng ettersom geografien er viktig for karakterane på så mange måtar.

Purple Violets slår på ingen måte på stortromma, men er ein film eg vel å sette pris på. Han er sopass god at han strekk seg nærare toppen enn fleire andre Edward Burns-filmar, men manglar endå litt for å røre meg nok. Historia er ikkje den mest spennande, men karakterane er gode nok til å bere filmen.

IMDb-logo
Purple Violets 2007 plakat - Filmdagbok