Quantum of Solace

Film · 2008 · · 16. november 2008
4/5

Eg har sett lite film i det siste, men har rukke å få med meg Quantum of Solace på kino. Elles har det stort sett gått i å lese bøker.

Daniel Craig er tilbake som James Bond i det som denne gongen er ein Marc Forster-regissert film der mellom anna Paul Haggis har skrive manus. Eit røft preg, mykje vald og ein litt kald og kynisk James Bond har i lag med det nokon kallar mangelen på vante James Bond-kjenneteikn fått enkelte til å reagere. Men her er det nok fleire som ikkje har sett godt nok etter.

Personen James Bond er langt nede etter tapet av Vesper i Casino Royale. Han kan framstå som brutal og oppslukt i ei hemnjakt, men er bak maska stadig like kalkulert og det kjem etter kvart nok spor til ein leiken agent som er glad i det kvinnelege selskap.

Daniel Craig held maska med stil i den tidlege delen av filmen, men dei som følger godt med kan legge merke til ei endring i personen hans, om ikkje stor så iallfall nok til å kunne oppdagast.

Av fart og spenning byr Quantum of Solace på alt i frå sprø biljakt, til båtjakt, fotjakt og eksplosjonar. Her er det meste med. Det går hardt for seg. Men det er ein variasjon å sette pris på. Dessutan har lengda blitt halde nede på 1 time og 46 minuttar. Det er 40 minuttar kortare enn Casino Royale. Nokon veit å sette pris på lengre filmar. Eg er av oppfatninga at fleire James Bond-filmar er for lange og tykte denne var perfekt med tanke på historia.

At skurken ikkje er ute etter å øydelegga jorda, men at han er ein utspekulert menneskeforbrytar gir meg ein større grunn til å mislike han, men også å like han som skurk.

Eigentleg var det ingenting eg beit meg merke i som dårleg med denne. Sjølvsagt kunne eg gått inn for å samanlikne han med ein av dei første filmane med Sean Connery og komme med at James Bond er ein glattare og meir kvinneyndig person der, men eg ser heller ikkje poenget i at alle filmane skal vere like. Denne har meir enn nok til å vere ein James Bond-film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Quantum of Solace 2008 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Daniel Craig (I)Olga KurylenkoMathieu AmalricVis alle

Sjangrar