Quarterlife

Serie · 2007 · · 12. mars 2008
3/5

Quarterlife hadde eg opphavleg tenkt til å skrive om i eit kommande innlegg om pilotepisodar. Dessverre viste denne flotte serien seg å bombe totalt på Nielsen-ratingen og gå ut som den verste nye serien i tidsrommet sitt på NBC på 20 år. Er det evna mi til å fange opp dårlege seriar som er fullstendig øydelagt? Er dette ein dårleg serie? Eller er han faktisk god?

Heldigvis fekk eg sjansen til å utforske dette spørsmålet, totalt seks episodar var allereie produsert og blei dumpa i eit maraton på ein av NBC sine mindre kanalar. Og eg må innrømme at eg etter endt serie framleis tykkjer at dette fungerte godt. Til den type dramaserie Quarterlife er har skaparane klart å gi eit meir realistisk preg over det heile, sjølv om problema, dei små historiene og forholda ikkje utfordrar.

Serien er bygd opp rundt ein videoblogg som heiter Quarterlife. Det er ein videoblogg som faktisk eksisterer, og som fungerer som ein dagbokserie med jenta Dylan som knutepunktet. Dei ferdigutdanna vennene hennar er hennar fokusgruppe. Karakterane fenga meg tidleg i første episode, sjølv om eit par av dei har blitt mindre interessante utover tykkjer eg framleis dei var artige å følge med på gjennom dei seks episodane.

Eg har ikkje helt fått med meg korleis denne serien har gått hittil og vil fortsette, men det er nokon korte greier på MySpace og masse ymse på nettsida Quarterlife, i tillegg til dei seks episodane på 45 minuttar som var meint for NBC.

IMDb-logo
Quarterlife 2007 plakat - Filmdagbok