Quella villa accanto al cimitero

Film · 1981 · · 25. august 2011
3/5

Quella villa accanto al cimitero er tredje film i Gates of Hell-trilogien til Lucio Fulci. Catriona MacColl og David Warbeck tek med seg ungen sin og flyttar ut på landet, til eit heimsøkt hus ved ein gravplass.

I denne filmen som er den mest tradisjonelle skrekkfilmen i Gates of Hell-trilogien er det mystikk og frykt for det ukjente og det usette som utgjer brorparten av skrekken. Folk held tilbake informasjon, ler av gamle historier og står som hinder for dei sentrale karakterane. Tilsynelatande utan motivasjon. Slikt fremmar ei form for irritasjon som spelar på lag med den trykkande stemninga, framfor å verta ein negativ faktor som trekkjer ned filmen.

Tankane går til The Shining då Dr. Norman Boyle (Paolo Malco), mannen til Lucy Boyle (Catriona MacColl) ut i filmen vert konfrontert med at han vore i byen før, noko han ikkje har kjennskap til. Det kan ha og gjera med at huset ved gravplassen har ei historie med menn som vert sinnsjuke drapsmenn under opphaldet. Men der sluttar likskapen.

Quella villa accanto al cimitero fell i smak som den greie grøssarfilmen han er. Han har sine svakheiter, men dei vart skove til bakgrunnen av at erfaringane med dei to første Gates of Hell-filmane senka forventingane til mellom anna skodespelet.

På engelsk er filmen kjent som The House by the Cemetery.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Quella villa accanto al cimitero 1981 plakat - Filmdagbok