Qu'est-ce qu'on a fait au Bon Dieu?

Film · 2014 · · 18. april 2016
3/5

Qu'est-ce qu'on a fait au Bon Dieu? står seg fram som ein moderne fransk versjon av Guess Who's Coming to Dinner. Utgangspunktet er rase, foreldre og fordommar.

Ein far med fire døtrer har allereie gifta bort tre av dei til ein kinesar, ein arabar og ein israelar. Når den fjerde dottera planlegg å gifte seg med ein ivorianar, var det dråpen som fekk begeret til å renne over for dei konservative foreldra.

I løpet av ein og ein halv time tar filmen dette for seg frå starten av. Det endar opp i eit møte mellom familiane til ivorianske Charles og franske Laure. Faren til Charles er minst like sta som nokon andre, og nektar å akseptere franske folk, som han meiner er rasistar alle saman.

Qu'est-ce qu'on a fait au Bon Dieu? leverer ein god del fiffige og direkte poeng basert på observasjonar og spark mellom ulike kulturar, og dette fører til god humor. Samtidig får eg eit inntrykk av at filmen ikkje er modig nok og ikkje torer og ta nok i. Men at han lar seg føye til dels av grufull politisk korrekt. Dette trekk opplevinga ned eit hakk.

Filmen er kjent som Serial (Bad) Weddings på engelsk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Qu'est-ce qu'on a fait au Bon Dieu? 2014 plakat - Filmdagbok