Quicksilver

Film · 1986 · · 10. mai 2016
4/5

Quicksilver er ein tøff film der sykling har fått hovudplassen som det sentrale temaet. Kevin Bacon spelar ei Wall Street-stjerne som sloknar over natta, og viss nye tilvære blir sykkelbod heller enn å ta sjansen igjen på aksjemarknaden.

I sykkelbodmiljøet, som blir framstilt som det kulaste av det kule, er det også problem. Og sjølv om Kevin Bacon søkte ly frå det krevjande livet ein plass, så må han trå til her på andre krevjande område.

Quicksilver gjer mykje bra. Han fungerer både som ei god 1980-talsoppleving og ei god filmoppleving. Filmen ser bra ut og er stemningsfull. Sykling er det konkrete temaet som gjer at filmen skil seg ut. Og andre viktige saker som gode skodespelarar, ein fornuftig struktur og litt romantikk er på plass.

Eg har sansen for filmar som har ei greie dei bles opp ekstra, som dei gjer med sykkelbodmiljøet her. Difor får denne ei ekstra stjerne i boka min. Kevin Bacon er også eit av ikona eg forbind mest med 1980-talet, spesielt på grunn av Footloose.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Quicksilver 1986 plakat - Filmdagbok