Quién sabe?

Film · 1967 · · 20. april 2021
4/5

Spaghettiwestern kan by på så mangt. Quién sabe? er av dei betre, og kan skilte med ei god historie med mykje action. Filmen handterer spelelengda på nærmare to timar utan problem.

Eg gjekk til filmen utan å vite mykje meir om han enn at mange har likt han. Og soleis blei alle vendingar og introduksjonar til karakterar nytt for meg undervegs. Ut frå dette skal eg også unngå eit handlingssamandrag, men heller plukke ingrediensane som gjer filmen god, og nemne nokre trekk ved filmen.

Som spaghettiwestern er dette ikkje uventa dubba. Eg er ikkje fan av dubbing over det originale lydsporet, men her er dubbing det originale lydsporet. Filmen har både Gian Maria Volontè og Klaus Kinski i sentrale rollar. Begge notorisk kjente for å vere vanskelege å jobbe med. Lou Castel deler rampelyset som ein gringo på streif i Mexico.

Filmen legg mykje vekt på skyteepisodar, kampar, slag og generelt sett vald. Alt i eit uvaska og støvete uttrykk. Men produksjonen verkar ikkje å halde tilbake på noko, trass i valet av dubbing. Det gjer også sitt at tema for filmen er den meksikanske revolusjonen, som gir filmen eit meir seriøst bakteppe.

Det freistar å plassere Quién sabe? blant dei tøffaste westernfilmane eg har sett. Konkurransen er derimot så hard at eg held med å sei at om du likar sjangeren og har sjansen til å sjå denne filmen, så gjer du ikkje feil ved å bruke tid på han.

Den engelske tittelen er A Bullet for the General.

IMDb-logo
Quién sabe? 1967 plakat - Filmdagbok