Rådebank

Serie · 2020–2021 · · 26. januar 2021
3/5

I NRK-serien Rådebank følgjer me Glenn-Tore som er del av rånemiljøet i Bø, og som nyleg har slått opp med kjærasten sin. Me får også innblikk i eit rånemiljø som er basert på fleire verkelege hendingar.

Etter første episode hadde eg trua på denne serien. Han starta godt. Glenn-Tore eller GT på kort har nokre utfordringar og ein livssituasjon som har potensiale til å utvikle seg.

Det som utviklar seg vidare er at heile serien handlar om at livet går i feil retning for GT. Det blir mykje dveling ved dårlege val, og eg finn lite positivt å sjå opp til eller fram til. Eg saknar at Rådebank legg til rette for at antihelten i det minste har eit snev av fornuft, men nei.

Livet som del av rånemiljøet i Bø er der alltid, men ikkje nok. Det hamnar som mykje anna i skuggen til den destruktive oppførselen til GT. Ved alle vendingar der serien kan legge opp til å formidle fornuft, så går hovudrolla andre vegen. Det er ikkje det at eg forventar at hovudpersonen skal vere ein perfekt person, men det blir rett og slett einsformig.

Eg såg heile første sesong i løpet av ein ettermiddag. Sånn sett var ikkje serien for dryg, sjølv om det blei litt einsformig. Og mot slutten skjer det meir igjen, så eg har lite å utsetje på måten sesongen avrundar på. Han legg også opp til meir, noko eg håpar at det blir. Med mykje av problema med kjærleikslivet til GT bak oss, kan det vere at serien blir betre.

Om lag ti månader etter første sesong, rulla andre sesong over skjermen. Denne gongen fordelte eg serien utover to dagar. Rett og slett fordi ikkje alle episodane blei lansert samtidig. Det er ein endå meir seriøs raud tråd som følgjer oss i andre sesong, som byrjar med at vennen til GT, Sivert, er hovudpersonen. Andre sesong har vorte mykje snakka om i ulike medier og forum, men om du ikkje har lese noko om han så skal ikkje eg røpe noko om handlinga her.

Eg vil mest sei at eg på slutten av andre sesong så synst eg framleis serien er god. Han er ein fin serie å sjå i eit jafs. Det er litt tungt, og eg kan irritere meg over måten det er skrive inn at nokre av karakterane tek dumme val på. Men eg ser poenget i at det er eit forsøk på å skape dramatikk. Her er dommen likevel at dette kunne ha blitt gjort betre. Uansett så er det ein god serie med eit spennande miljø, og ei side av Noreg som kanskje ikkje alltid er så synleg på tv.

Eg håpar på ein tredje sesong.

Les også meldingar på ninautenfilter.blogg.no (norsk) og filmhjerte.blogg.no (norsk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
  • Rådebank 2020-2021 plakat - Filmdagbok
  • Rådebank 2020-2021 plakat - Filmdagbok