Rabbit Hole

Film · 2010 · · 5. mars 2016
4/5

Eit par har mista sonen sin, og har ei hard stund i lengre tid etter tapet. Handlinga i Rabbit Hole byrjar åtte månader etter ei ulykke, og tar for seg eit vendepunkt i sorga.

Nicole Kidman og Aaron Eckhart leiar an i det John Cameron Mitchell-regisserte dramaet. Ein film som evnar å verte meir enn ei stjernespekka sak. Eg opplever at filmen har alt frå fleire minneverdige enkeltscener til å skape sin eigen fine flyt og ei god, men trist stemning rundt behandlinga av eit tema eg har sett mange gonger før.

Med andre ord framstår Rabbit Hole som ein film som gjer ein god jobb ved å vere ein god, men uoriginal film. Tanken i heile tatt om at originalitet er viktig har eg slått frå meg for mange år sidan. Det er likevel verdt å nemna at det er ulike grader av kor godt ein film behandlar kjente og uoriginale tema.

Rabbit Hole har stått på lista mi over filmar å sjå ei god stund, utelukkande på grunn av at det er ein film av John Cameron Mitchell. Ein filmskapar som eg alltid vil hugse for den fantastiske Hedwig and the Angry Inch. Så lenge har eg utsett å sjå Rabbit Hole at eg var usikker på kva det var eg skulle sjå. Men eg forventa meg ein dyster film.

Rabbit Hole er nesten heller eit lyspunkt av ein film om ei trist historie, formidla på alvorleg vis.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Rabbit Hole 2010 plakat - Filmdagbok