Rabid

Film · 1977 · · 4. november 2008
4/5

Eg har sikkert nemnt det før, men det skadar ikkje å gjere igjen, David Cronenberg er ein av mine favorittregissørar. Heldig som eg er finst det framleis usette filmar i filmografien hans. Rabid er ein av dei tidlegare bragdene hans. Det er ei sak som blander inn eit zombieliknande utbrot i mindre skala med ein idé om mutasjon. Stemninga er til å ta på. Karakteren er kanskje urettferdig høg samanlikna med andre David Cronenber-filmar, men sett opp mot det andre eg såg i oktober 2008 så er han velfortent.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Rabid 1977 plakat - Filmdagbok