Raging Bull

Film · 1980 · · 19. august 2006
4/5

Hadde dette vore rein fiksjonsfilm så ville eg nok klaga litt over slutten. Det er ikkje kjekt å sjå på ein mann som sakte, men sikkert, bryt seg sjølv ned og øydelegg livet sitt. Men no er dette basert på den ekte boksestjerna Jake LaMotta. Til kva grad veit eg ikkje, men det gjer at eg aksepterer utviklinga.

Robert De Niro er i samarbeid med Martin Scorsese ein fryd å sjå. Eg har eit lite mål om å få sett alle filmane dei to har spelt inn i lag. Kanskje ikkje overraskande er Joe Pesci med, ein liten gnom, om eg må få kalle han det, som eg aldri har tykt særleg om. Kvifor? Fordi eg har blitt introdusert for han via roller der han har spelt ein galen, irriterande og gjerne farleg djevel. Kanskje ikkje det beste måten å vurdere folk på, men det har ingen ting å sei no, i denne filmen er han der oppe blant dei store gutane.

Martin Scorsese har gjort filmen i svart-kvitt, med unntak av ein liten del av filmen der det blir vist ein farga bildesekvens som kom som erstatning for nokon år som blir hoppa over. Det svart-kvite bilde gjer blodet i boksescenene tilnærma svart og alt verka så mykje mørkare enn det er. Eg er i grunn glad det er i svart-kvitt, for etter den fargerike sekvensen med lykkelege år for familien til Jake LaMotta, blir det så mykje meir alvor når filmen igjen hoppar over til sin vanlege tone.

Av det eg kan hugse av andre Martin Scorsese-filmar eg har sett, er denne rimeleg lik på utvikling av historia. Det er ingen glansbilde, men ein liten tur opp før det ber i veg i nedoverbakke. Ein skikkeleg pangstart på nytt halvår med studie for min del, som viser at eg er klar til kamp, men at eg etter kvart sikkert blir lei av å lese. Raging Bull er ein god film å starte opp igjen med.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Raging Bull 1980 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Robert De NiroCathy MoriartyJoe PesciVis alle

Sjangrar

Land