Ragnarok

Serie · 2020–2021 · · 23. august 2021
3/5

Den norske Netflix-serien Ragnarok hadde premiere 31. januar 2020. Med ein første sesong på knappe seks episodar, gjekk det fort å sjå seg gjennom han. Godt hjelpt av at episodane gir akkurat så lite at du må sjå neste for å få utbytte. Eg anbefalar difor å ta deg tid til å sjå heile utan for store opphald.

Serien blandar sjangrar som det overnaturlege, ungdomsserie og norrøn mytologi. Mest av alt er det ein ungdomsserie. Det er små glimt av det norrøne i omgivnadane og karakterane, men litt for lite. Det overnaturlege er det også lite av, men på ein meir smakfull måte.

Serien har kjente norske skodespelarar frå Skam og Heimebane. Bjørn Sundquist luskar i bakgrunnen ein sjeldan gong utan å sei for mykje. Og Henriette Steenstrup og Odd-Magnus Williamson har sentrale rollar som vaksne. Handlinga går føre seg på ein stad som har fått namnet Edda, og som er spelt inn i Odda.

Magne (David Stakston), broren og mora flyttar til Edda. Kort tid etter dei kjem dit byrjar Magne å oppdage at han har fått overnaturlege krefter, som minnar om kreftene til den norrøne guden Tor.

Magne blir venn med Isolde, ein fanatisk miljøforkjempar. Og når noko skjer med ho, byrjar han å etterforske det.

Serien er prega av å formidle politisk korrekt miljøpolitikk, og dette reduserer han ein del. Det kunne ha vore eit akseptabel bakteppe, men framstår som ei uoriginal og ein av mange einsretta stemmer i Noreg anno 2020. Eg saknar meir av det norrøne og det kriminelle, og at serien bevegar seg framover. Underhaldningsverdien i sjangerblandinga kjem serien til gode, og det at serien er ny hjelp til.

Eit og eit halvt år etter skriv eg vidare med følgande ord om andre sesong. Serien har teke seg opp. Det byggjer opp til noko meir interessant. Framleis skjer det alt i alt litt for lite. Serien blir tynga av formatet sitt. Med det meiner eg at handlinga kunne ha gjort seg betre som film. Men eg let med underhalde, og inntrykket eg sit igjen med etter andre sesong er betre enn det eg hadde etter første.

Les også meldingar på serienytt.no (norsk) og www.eclecticpop.com (engelsk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
  • Ragnarok 2020-2021 plakat - Filmdagbok
  • Ragnarok 2020-2021 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    David StakstonJonas Strand GravliHerman TømmeraasVis alle

    Sjangrar

    Land