Raising Arizona

Film · 1987 · · 6. juni 2008
3/5

Raising Arizona var ein av fire filmar eg hadde liggande usett av Joel Coen og Ethan Coen før eg blei ferdig med alle filmane deira.

Raising Arizona var den andre filmen ut frå brørne, som tre år tidlegare laga den tøffe krimthrilleren Blood Simple.. Denne gangen prøver dei seg på komedie og krim, men lykkast ikkje heilt.

I hovudrolla er Nicolas Cage som den vanekriminelle H.I., som etter å ha funne kjærleiken med politidama Ed (Holly Hunter) vil bli lovlydig. Samlivet deira møter etter kvart ei hindring når Ed ikkje kan få barn og rullebladet til H.I. hindrar adopsjon.

Filmen har små artige innslag her og der, først og fremst på grunn av friske samtalar. Det er også kjente personar som dukkar opp og underheld i blant. Som heilskap er likevel Raising Arizona ei tam oppleving der eg meir blir sittande å tenke på at Holly Hunter var søt på 1980-talet, enn å interessere meg for handlinga. Det er også blant dei svakare filmane til Nicolas Cage som skodespelar.

Raising Arizona ligg på kanten til det verre, men var ikkje bortkasta tid. Kanskje fordi filmen var av Joel Coen og Ethan Coen, og at dei var grunnen til at eg så filmen i utgangspunktet.

IMDb-logo
Raising Arizona 1987 plakat - Filmdagbok