Ralph Breaks the Internet

I denne oppfølgjaren til Wreck-It Ralph drar Ralph ein tur på internett for å få tak i ein del til ei øydelagt spelmaskin i spelhallen der hans eiga maskin står.

Filmen inneheld ei fargerik og fantasifull visualisering av internett sett frå innsida av teknologien. Mange av vitsane har enkle poeng som bygger på ting du kan finne på internett. Som eBay, reklame, dataspel og så vidare.

Det er ein solid produksjon. Filmen ser fin ut, manuset gir meining, men det er litt enkelt. Sånn sett trur eg heller dette er ein artigare film å sjå om 20 år, som eit tilbakeblikk til ein bestemt del av tidsalderen til internett.

Den første filmen var ingen klassikar. Og det er ikkje denne heller. Mens den første handla om å bryte seg ut av tillagt rolle, så handlar denne om det same, berre for ein annan karakter enn Ralph. Det gjer sitt til at eg ikkje får inntrykk av at filmen tar meg vidare til noko nytt. Berre det same gamle i ny innpakking.

Det er ein spenstig animasjonsfilm der og då og som går greitt ned, men som ikkje gir stor rom til ettertanke eller bli hugsa.

Ralph Breaks the Internet 2018 plakat - Filmdagbok

Publisert

24. april 2020 av

Regissørar

Phil Johnston, Rich Moore

Manusforfattarar

Rich Moore, Phil Johnston, Jim Reardon, Pamela Ribon, Josie Trinidad

Skodespelarar

John C. Reilly, Sarah Silverman, Gal Gadot, Taraji P. Henson, Jack McBrayer, Jane Lynch (I), Alan Tudyk, Alfred Molina, Ed O'Neill, Sean GiambroneVis alle 92 skodespelarar

Sjangrar

Animasjon, Eventyr, Komedie, Familie, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Ralph Breaks the Internet