Rambo: First Blood Part II

Film · 1985 · · 4. november 2007
3/5

Rambo: First Blood Part II er den andre Rambo-filmen med Sylvester Stallone, det vil sei oppfølgjaren til First Blood.

Dette er ein smak på kva resten av Rambo-filmane i ettertid har blitt kjent som, nemleg vanvittige skyte- og krigsfilmar med ein mann i bar overkropp og store våpen.

Eit interessant poeng er å samanlikne med den første filmen, som hadde berre eit drap. Mens det her aukar til 69 drap.

Handlinga i Rambo: First Blood Part II går føre seg i landet som John Rambo sleit med å gløyme i den første filmen, Vietnam. Årsaka er at han må gjere eit oppdrag der for å sleppe ut av fengsel. Det blir eit blodig oppdrag som går ut på å frigjere krigsfangar.

Dette er eit prakteksempel på kor tøft og uhøgtideleg action på 1980-talet kunne vere. Utan å bli tullete eller nødvendigvis måtte ty til sjølvironi.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Rambo: First Blood Part II 1985 plakat - Filmdagbok