Rambo III

Film · 1988 · · 9. november 2007
3/5

I den tredje filmen om Rambo tar Sylvester Stallone krigen til veteranen til Afghanistan. Vennen hans, løytnant Trautman, er tatt til fange. For å få han fri lyt Rambo kjempe mot ein heil hær.

Sidan førre film i serien har talet på drap nesten dobla seg, til over 130 totalt i heile filmen. Så det gir ein peikepinn på kva slags type film dette er. Rå action viss viktigaste verktøy er våpen.

Ein artig observasjon er at dette også er den filmen der det tar lengst tid før ein person blir drepe.

Trass i valden er ikkje Rambo III tunge saker, men uhøgtideleg moro. Det er ikkje den beste filmen eg har sett, og på langt nær den beste av Rambo-filmane, men likevel verdt å sjå om desse filmane er for deg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Rambo III 1988 plakat - Filmdagbok