Rapid Fire

Film · 1992 · · 17. juli 2015
2/5

I skrivande stund er det få veker siden eg såg Rapid Fire, men stort sett heile filmen er for meg allereie blitt uklar. Mitt einaste formål her vil då bli å uttrykke misnøya min med filmen.

Det handlar om ein fyr, spelt av Brandon Lee, som må gå i dekning for å unngå å bli drepen. Eit greitt utgangspunkt for ein film der eg forventa mindre god historie, og meir god slåsting. Brandon Lee er jo å forbinde med slåsting. Problemet mitt med filmen er at eg ikkje får tak i kva det slåst om. Historia er tydeleg nok, men det er ikkje som om det står noko på spel likevel. Så då er det vel manus det står på, og at Brandon Lee her viser seg som ein håplaust dårleg skodespelar som eg ikkje evnar å få sympati for.

Slåstinga er heller ikkje så god som ho burde. Koreografien er ikkje god, og når slåstinga verkar som lekeslåsting og luftboksing, så seier det seg sitt at filmen bør vere veldig god på andre område for å redde det inn.

Og dette er inntrykket som eg sit igjen med i ettertid. Mitt andre møte med Brandon Lee på film, fleire år etter streva meg gjennom The Crow, er like labert som det første.

IMDb-logo
Rapid Fire 1992 plakat - Filmdagbok